Vedtak
Ungdomsrådet ynskjer å kome med fylgjande innspel til hovudlinjenettet for kollektivtransport i Vestland.
Styrke tilbodet mellom Førde og Askvoll med fleire seine og tidlege bussavgangar.
Seinare avgang frå Førde til Askvoll.
Seinare avgang frå Askvoll til Førde.
Avgang frå Førde via Kvammen midt på dagen, t.d. kl. 13:30. Ungdomar som går på skule i Førde har ikkje tilpassa skuleskyss utover morgon / ettermiddag. På korte dagar må skuleelevane vente til ettermiddag for å kome seg heim.
Fleire avgangar i helgene, begge vegar.
Styrke tilbodet mellom Askvoll og Dale.
Her manglar eit grunnleggjande busstilbod. Mange ungdomar går på vidaregåande skule i Dale og ein del pendlar til treningstilbod. Det er ikkje mogleg å ta offentleg transport på ettermiddag/kveld for å vere med på fritidsaktivitetar i Askvoll eller Dale.
Kan vere tilstrekkeleg med ein mindre buss.
Behandling
Røysting - Samrøystes