Kom deg ut-dagen - Barnas turlag Askvoll på UWC Connect

laurdag 31. august 2019, 11.00 - 14.00

Informasjon

Aktivitetsdag på UWC Connect på Haugland

I år har vi lagt Kom deg ut-dagen til UWC og Haugland. Her blir det kajakk, kano, bogeskyting og stand up paddleboard. I tillegg håpar vi dei nye badeballane deira har komt slik at vi får prøve dei også :) 
UWC står for instruksjonar, og born under 14 år må vere i følgje med vaksen.

Vi avsluttar med grilling! Ta med eige tilbehør (brød/lomper, drikke osv.), så stiller vi med pølser sponsa av Gilde :) Ellers er arrangementet gratis.

Transport til og frå må de stå for sjølve.  

Turbo Fjellrev og hjelparane hans gledar seg, vel møtt 😃

Stad

UWC Connect
 

Kontakt

Barnas Turlag Askvoll
 

Nettstad https://www.facebook.com/barnasturlagogungaskvoll/

Evelyn Vågane

E-post : evelynvagane@gmail.com

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk