«Lyg vi for dei unge?»

fredag 8. november 2019, 19.00 - 20.30

Informasjon

Sigbjørn Mostue, forfattar bak trilogien "I morgon er alt mørkt", og Svein Tveitdal, tidlegare direktør ved FN sitt klimaprogram (UNEP), kjem for å sette søkelyset på dei unge sitt engasjement for klimaendringane. Dei vil snakke om korleis vaksne kan vere gode rollemodellar når det gjeld klima og miljø.

Er vi vaksne ærlege nok, eller skjermar vi barna våre for sanninga om korleis det står til med jordkloden? Kva gjer vi sjølve for å motverke utviklinga? Det er jo dei unge som i størst grad må handtere verknadene av klimaendringane, og korleis kan vi bu dei på dette?

 

Vi ser no eit auka engasjement frå den yngre generasjonen, og Mostue og Tveitdal vil kome inn på kva vi faktisk kan gjere konkret for å få til endring.

 

Arrangementet varer i ca. 90 minutt. Det blir foredrag etterfølgt av samtale leia av Anja Aga Ramstad frå Sogn og Fjordane fylkesbibliotek. Det er ope for spørsmål frå salen.

 

 

Stad

Askvoll bibliotek
 

Kontakt

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2,  6863 Leikanger

Nettstad http://www.sfj.no

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk